Arealdelen

Kommunestyret i Lom vedtok 15.12.2022, ny (revidert) kommuneplan for Lom – arealdelen, sak PS 2022/79. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 11-15. 

Planen (med planid. 5140073) omfattar kommunen sitt areal utanom tettstaden Fossbergom som har eigen kommunedelplan. Planen erstattar tidlegare plan frå 2003.

Den nye kommuneplanen vil vere førande for arealbruken i planområdet, og vil vere førande for nye reguleringsplanar og ved revisjon av eldre reguleringsplanar. Planen vil også vere retningsgjevande ved dispensasjonsbehandling der eldre reguleringsplanar ikkje er i samsvar med ny kommunedelplan.

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 kan kommunestyrets vedtak om kommuneplan ikkje påklagast.

Sakspapira frå den politiske behandlinga av planen, plandokumenta og plankart (div. utsnitt) finn du i filgalleria under. 

Dokument

Plankart

Kommuneplanen har også ein samfunnsdel. Gå til kommuneplanens samfunnsdel