Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Skiltvedtekter i Lom

Skiltvedtektene for Lom kommune er ein del av Kommunedelplan for Fossbergom, punkt 2.7.4., og har rettsverknad etter plan- og bygningslova §11-6 og §11-9 punkt 5. 

I Lom kommune er dette søknadspliktig:

  • Alle reklameinnretningar som er større enn 0,75 m²
  • Flaggstenger og permanente bannerar 
  • Tilvisingsskilt  

Gå til skiltvedtektene for Lom kommune. (PDF, 702 kB)

Søknadsskjema

Skilt over 0,75 m² må ha godkjenning frå kommunen, noko som krev byggeløyve med nabovarsling.

Skjema som kan nyttast i prosessen finn du på Direktoratet for byggkvalitet si nettside
Sjå etter følgande skjema:

  • Skjema 5153 (dette ligg under Tiltak uten ansvarsrett)
  • Skjema 5154, 5155, og 5156 (desse ligg under Nabovarsel for mindre byggeprosjekter garasje, tilbygg, bod og bruksendring)

Ta kontakt med byggesaksbehandlar dersom du har spørsmål. 

Kontakt

Nils Henry Fosstuen
Byggesaksbehandlar og GIS-konsulent
Mobil 951 70 740
Øystein Brandsar
Byggesaksbehandlar
Mobil 900 15 146
  • Tilgjengeleg på telefon: Måndag, tysdag, torsdag og fredag.
  • Kontorstad:  Byggesaksbehandlarane Øystein Brandsar og Nils Henry Fosstuen har kontordag i Skjåk onsdagar. Dei kan treffast i andre etasje på kommunehuset. Resten av veka er dei å treffe på kommunehuset i Lom. Det kan vere lurt å gjere avtale med dei i forkant.