BustadtomterKommunen har ledige tomter i Lom sentrum og i Bøverdalen, samt fleire tomter under planlegging i Garmo. I tillegg er det ledige byggjeklare tomter nær sentrum som tilhøyrer private - m.a. i Andvordsjordet og på Gjeisarjordet. KulihaugenI nærleiken av Lom sentrum ligg også bustadtomta Kulihaugen. Meir informasjon om denne tomta finn du på kulihaugen.no.Privateigde tomterElles når det gjeld privateigde tomter må dei som er interesserte ta kontakt direkte med grunneigar og forhandle om kjøp og pris. Informasjon om eigartilhøve får du ved å kontakte kommunen. I Andvordsjordet og på Øvergrenda krev kommunen inn tilknytingsgebyr etter gjeldande satsar - totalt kr 5 000 inkl. mva.Spreidd bustadbyggingDei som ønskjer å byggje i område som er godkjende for spreidd bustadbygging, må sjølve ordne med løyve til tilkomst og tilfredsstillande vassforsynings- og avlaupsanlegg, samt skredfarevurdering der dette er naudsynt.Har du tomt til sals?Kommunen vil også oppmode private grunneigarar til å ta kontakt dersom dei har ledige tomter til sals.Send inn kort tekst, bilde og kontaktinformasjon, så blir det lagt ut her på lik line som dei andre privateigde tomtene.Gjeisarjordet med solnedgang. Jotunheimen bygg AS Sist endret 03.10.2024 09.02