Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Leirmoskog

alt="" - Klikk for stort bildeI Bøverdalen bur du tett på naturen. Foto: Johan Wildhagen

 

Tomtene

I Leirmoskog ligg det fire ledige tomter til sals som er delvis byggeklare, men ikkje oppmålte. Pris ved kjøp er kr. 15,- pr. kvm, i tillegg kjem det ein refusjonskostnad (eingongskostnad) på kr. 30 000,- pr. tomt, i tillegg til oppmålingsgebyr m.m.

Ved kjøp av tomt 6 og/eller 7 treng du ikkje å betale noko refusjonsgebyr. Her er det mogleg å bygge ein- eller tomannsbustad, etter ynskje. Tomtene kan ikkje nyttast til bygging av fritidsbustad. 

Ta kontakt med kommunen for meir detaljar. 

Området

Bustadfeltet Leirmoskog ligg i Bøverdalen, omtrent ein halvtimes køyretur frå Lom sentrum langs Fylkesveg 55 (Sognefjellsvegen). Her bur du tett på både Jotunheimen og Breheimen nasjonalpark, i tillegg til kort avstand til m.a. Galdhøpiggen Sommerskisenter.

Det er matbutikk like i nærleiken (Coop på Galdesand). Når Sognefjellet er ope (omtrent mai-november) er det kort veg over til nabokommunen Luster og det flotte fjordlandskapet i Sogn. Bøverdalen er særleg populært for turistar i vårski- og sumarsesongen. 

Barnehage, barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule finn du ein halvtime unna, i Lom sentrum (Fossbergom). Telenor har bygd ut fiber i området. Ta kontakt med kommunen dersom du ynskjer meir informasjon.  

Lom kommune

Lom ligg i Nord-Gudbrandsdalen i Innlandet fylke, og grensar til Vågå, Skjåk, Luster, Vang og Lesja. Kommunen har eit areal på 1945 km2, og rundt 2200 innbyggjarar.
 
Lom er den mest typiske fjellkommunen i Noreg, med 135 eigne toppar og 23 grensetoppar over 2000 moh. Rundt 60% av arealet i Lom er verna og kommunen har m.a. tre nasjonalparkar (Breheimen, Jotunheimen og Reinheimen). Sentrum fekk status som nasjonalparklandsby i 2008. Fossbergom er kjent for å vere eit triveleg handelssentrum, og har også lange tradisjonar innan reiseliv og landbruk. Heile Ottadalen er eit eldorado for deg som er glad i natur og friluftsliv, men det finst også eit godt tilbod innan kultur og idrett.