RenovasjonLom kommune er med i Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap (NGR).Abonnentar blir oppmoda om å sortere avfallet mest mogleg, og nytte seg av moglegheitene for levering til miljøstasjonen. Høg grad av sortering gjev mindre restavfall, det vil seie mindre kostnadar som i neste omgang kjem deg til gode.Ny renovasjonsordning frå 2025Kommunane og NGR innfører kjeldesortering av matavfall frå 1. januar 2025. Føremålet er å auke delen avfall som går til materialattvinning i tråd med nasjonale målsettingar. NGR har fått ny nettside der du enkelt kan finne henterutene, sjå og laste ned tømmekalender, og finne opningstider for miljøstasjonane - og mykje, mykje meir. Kva er nytt? Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal.Alle abonnentar fekk i haust utlevert to (2) dunkar. 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall.Saman med dunk for matavfall vil abonnentane få utdelt ein rull med posar for oppsamling av matavfall. Det skal brukast ein eigen type bionedbrytbare posar som NGR bestemmer. Vanlege plastposar skal ikkje brukast. Viktig: Ordninga med grå NGR-sekkar for restavfall går dermed ut.Viktig: Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til bruk for 2025. Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag.Frå 2025 blir det ikkje mogleg å levere (gamle) NGR sekkar med restavfall på henteruta, men dei gamle sekkane skal kunne brukast til å levere restavfall på miljøstasjonane ut 2026. NGR kjøper inn dunkar, eig dunkane, køyrer ut dunkane til alle abonnentar og sørgjer for vanleg vedlikehald av dunkane. Den einskilde abonnent sørgjer for reinhald. Henteplan/kalender - januar og februar 2025 NGR hentekalender Lom 2025 (PDF, 97 kB) Hentekalender NGR 2025 Frå og med 01.01.2025 blir det ny ordning for å halde styr på tømmedagane dine. (Du kan laste ned instruksjon for appen i pdf-versjon (PDF, 4 MB))NGR går bort frå utsending av trykte hentekalendrar, og vil frå og med årsskiftet kommunisere rutene våre gjennom ei digital løysning. Det vil vera fleire måtar å finne dine tømmedagar på, men vi anbefaler alle å nytte seg av appen "Min Renovasjon". Her kan du velja å setja på varsling, og vil slik få ei påminning til dømes dagen før vi køyrer ruter heime hjå deg. Nyttar du appen vil du vera heilt sikker på at du alltid får rett informasjon, og at du fangar opp eventuelle endringar i rutene. Vi vil og ha ein hentekalender med søkjefelt på den nye nettsida til NGR. Her kan du velja å laste han ned, og skrive han ut om du ynskjer det. Men du bør vera merksam på at rutene kan bli endra i løpet av året.Ny heimeside med søkbar hentekalender Ny heimeside med søkbar hentekalender vil mest truleg ikkje vere klar før i løpet av januar, men appen "Min renovasjon" er i drift. Du kan allereie no laste han ned, men du vil ikkje få opp informasjon om di kommune og adresse før vi har alle data klare i våre system. Vi vil sende ut ei melding på SMS når Min Renovasjon er i full drift for regionen vår. Andre kanalar for info om tømmedagOm du ikkje har smarttelefon kan du tinge SMS-varsling dagen før henting i nettkalenderen når dei nye heimesidene våre kjem opp.Har du ikkje høve til å skrive ut kalenderen, men likevel ønskjer deg noko å hengje opp, kan du kontakte oss for å få ei utskrift sendt til deg i posten. Vi kjem sannsynlegvis til å måtte justere rutene våre utover året, så vi sender ikkje ut for meir enn to månader om gongen.--------------------------------Matavfall vil bli henta kvar 2. veke.Restavfall vil bli henta kvar 4. veke. Avfallsdunkar Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall: Alle abonnentar vil få 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall.Dunken til matavfall er på 140L og har grønt lokkDunken til restavfall har lokk i mørk grå farge (same farge som dunken).Storleiken på dunken til restavfall vil følgje gebyrgruppa som abonnenten har valt. Abonnentar med standardgebyr vil få ein dunk på 240L, abonnentar med minstegebyr vil få ein dunk på 140L, og abonnentar med utvida gebyr får ein dunk på 360L.Saman med dunkane vil abonnentane få utdelt ein rull med posar til matsortering og ein rull med blanke plastsekkar til oppsamling av hushaldsplast Om å dele på avfallsdunkar To eller fleire abonnentar kan bruke felles dunkar der det er naturleg. For restavfall vil abonnentane få same tilgjengelege volum som om ein hadde eigen dunk. Matavfall er tungt, så her vil det bli brukt dunkar på 140L også ved fellesløysingar. Ønskjer du å endre abonnement, eller å dele søppeldunk med naboen? Gå inn her for å søkje om det. Korleis sortere? NGR samarbeider med Sortere.no om kart og guide for sortering. Sortere finst og som eigen app du kan laste ned på telefonen din. HUSHALDSPLAST - plastsekkar for hushaldsplast Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag. MATAVFALL - sorteringsrettleiar for matavfall Les NGR sin sorteringsrettleiar (PDF, 1011 kB)NB: Ein kan hente seg nye posar for matavfall på miljøstasjonane. (her kjem det fleire alternativ etterkvart). RESTAVFALL - rettleiar for sortering av restavfall Restavfallet er det som blir att når du har sortert ut matavfall og ren plast. Er du usikker på om noko kan bli sortert, søk og sjekk om du kan kjeldesortere det du vil kaste.Typiske ting du sorterer som RestavfallStøvsugarpose, bleier, sugerør, Q-tips, tyggegummi, snus, blandingsemballasje, tilgriset emballasje, osvTypiske ting du ikkje sorterer som RestavfallSmåelektronikk, Måling, Syltetøyglas, Sprayboks, Brukbare klede, Småbatteri, Matemballasje, osvDunken til restavfall har lokk i mørk grå farge, same farge som dunken. (Dunken til matavfall er på 140L og har grønt lokk). Det som er for stort til å kaste i restavfall heime, leverer du til miljøstasjon.Meir om restavfall finn du på NGR.no eller sortere.no TEKSTIL Tekstilar skal sorterast i tre kategoriar:Klede til gjenbruk. Gjelder nye eller pent brukte klede, reine og tørre. NGR sender desse til Fretex i Trondheim.Tekstilar til materialgjenvinning. Dette er klede og tekstilar (gardiner, dukar, teppe m.m.) som er utslitne og ikkje egnar seg til gjenbruk. NGR vil inngå avtale med ein mottakar som kan sørgje for materialgjenvinning, det vil seie at fibrane blir gjenvunne og kan brukast til å produsere nye klede.Utslitne og/eller tilsmussa tekstilar. Dette er tekstilar som ikkje passar inn i punkt 1 eller punkt 2 ovanfor. Desse går til forbrenning.Klede og tekstilar til gjenbruk eller materialgjenvinning leverast på miljøstasjonane. Tekstilar i kategori 3 legg du i restavfallet. Abonnementsgrupper 2025 Gruppe A, normal sats:240L dunk til restavfall140L dunk til matavfall Gruppe B, låg sats:140L dunk til restavfall140L dunk til matavfall Gruppe C, høg sats:360L dunk til restavfall140L dunk til matavfallAbonnentane vil få utdelt dunkar tilsvarande det abonnementet ein står registrert med (i 2024). Det vil bli høve til å bytte abonnementsgruppe slik som kommunane praktiserer det i dag. NGR vil då bytte dunken for restavfall. Om køyreruter, plassering av dunkar m.m. Krav til vegstandard, oppstillingsplass for dunkar, mm., blir beskrive i revidert renovasjonsforskrift. NGR vil stort sett køyre henteruter langs dei vegane som blir køyrde i dag. Det vil likevel bli fokus på å effektivisere rutene, spesielt i område der det er lange køyreavstandar og få abonnentar. Det vil også bli lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø for renovatørane.Dunkane kan stå permanent på henteplassen eller abonnenten kan trille dei ut på hentedagen. På hentedagen skal avfall vere klart til henting kl. 07.00. Sekkar og dunkar plasserast på eit plant underlag. Handtak på dunkane skal vende mot renovatørane. Abonnentane fjernar hindringar, brøyter snø og strør glatt underlag ved behov. Renovatøren skal kunne trille dunkane fram til bilen utan hinder, betydelege høgdeforskjellar eller tersklar/trinn. Med hinder meinast t.d. grøfter, grinder og trapper. Med tersklar meinast høgdeforskjellar over 10 cm.Henteavstand for dunkar skal vere maks 5 meter, målt frå ytterkant veg eller ytterkant fortau. Hytterenovasjon For hytterenovasjon gjeld framleis ei bringeordning der hytteeigarar leverer papp/papir, glas- og metallemballasje frå mat- og drikkevarer og restavfall til sjølvbetjente returpunkt. Hytteeigarar kan også bruke miljøstasjonane og levere avfall her på same vilkår som fastbuande.Frå 2025 vil det bli etablert tilbod om utvida kjeldesortering i hytteområde av nokon storleik. Her vil ein kunne levere matavfall og plastemballasje til utplasserte behaldarar. Rettleiar for bygging av leskur til avfallsdunkar NGR har utforma ein rettleiar for bygging av leskur (PDF, 108 kB) til avfallsdunkane. Kontaktinformasjon Kontakt Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, Telefon: 61 24 21 00 eller E-post: post@ngr.noLom kommune: kontakt servicetorget på telefon 61 21 73 00 eller E-post post@lom.kommune.no Ubrukte NGR-sekkar Nokre abonnentar har eit lager av ubrukte NGR-sekkar for restavfall frå tidlegare. NGR sin tilråding til kommunane er at sekkane skal kunne brukast til å levere restavfall på miljøstasjonane ut 2026. Det blir ikkje mogleg å levere sekkar med restavfall på henteruta. Meir info:Kontakt Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, Transportleiar Knut Stene, tlf. 903 68 309 eller e-post: knut.stene@ngr.noDagleg leiar Pål Sverre Andgard, tlf. 909 24 111 eller e-post: post@ngr.no NGR Sist endret 21.01.2025 13.09