Viktig melding

VIKTIG INFO KRING FAKTURERING AV KOMMUNALE GEBYR

Grunna overgang til nytt system for handsaming av kommunale gebyr har vi vorte noko forseinka med fakturering.
Difor vil du nå motta faktura for termin 1 og 2 i starten av mars. For termin 3 vil faktureringa gå som normalt.

Renovasjonsabonnement

I skjemaa under kan du endre renovasjonsabonnementet ditt, og sende inn ønskje om å dele søppeldunk med naboen.
 

Endring av renovasjonsabonnement for 2025 er no lukka. Det vil vere moglegheit til å sende inn ønskje om endring av abonnement for 2026 når hausten kjem.

Om å dele på dunkar. To eller fleire abonnentar kan bruke felles dunkar der det er naturleg. For restavfall vil abonnentane få same tilgjengelege volum som om ein hadde eigen dunk. Matavfall er tungt, så her vil det bli brukt dunkar på 140L også ved fellesløysingar. Det er ikkje lagt opp til nokon refusjon i avgift pr. i dag sjølv om du deler dunk.