Gudbrandsdal Miljø (G-miljø) står for tøming av septik på vegne av Lom kommune.
Har du problem med avlaupsanlegget ditt kan det vere lurt å kontakte ein fagperson for sjekk av eventuelle feil, eller kontakte transportør for spyling, ekstratømming eller naudtøming alt etter kva som er problemet. Hugs at dette er anleggseigar sitt ansvar, ekstra arbeid på private anlegg vil bli fakturert til anleggseigar.
- Tøming og transport til behandlingsanlegg skjer etter faste syklusar.
- Septikrenovasjon er regulert etter sjølvkostprinsippet, det vil seie at tenesta skal balansere økonomisk.
Husstandar, hytter, bedrifter og institusjonar med enkeltanlegg.
Abonnent blir oppretta i samband med søknad om utsleppsløyve. Kontakt teknisk avdeling for nærare informasjon.
Lovgrunnlag
Forskrift om avgrensing av forureining (av 01.06.2004).
Rett til å klage
Uregelmessige forhald kan varslast til teknisk kontor. Utanom normalarbeidstida, ta kontakt med teknisk vakt.
- Tenesta blir på vegne av kommunen utført av privat septikrenovatør.
- Det blir utført tømming av slamavskiljar kvart 2. år og tette tankar kvart år for bustadar og fritidshus.
- Ekstra tømming kan bestillast ut frå behov.
- Tømming av anlegg for bedrifter blir utført etter bestilling.
God tilgjenge til avlaupsanlegget for septiktømming, med køyresterkt underlag for tung bil.
G-miljø
Sist endret 10.09.2024 14.00