Val 2023Kommunestyre- og fylkestingsval 2023Valdagen er måndag 11. september 2023. Gå til vallister.TidlegstemmeFrå 3. juli til 9. august kan du tidlegstemme i kva som helst kommune dersom du ikkje har mogleheit til å stemme i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen.Ta kontakt med kommunen du ynsker å tidlegstemme i for meir informasjon.Les meir om tidlegstemme på valg.no.FørehandstemmeDu kan førehandstemme frå 10. august til og med 8. september. I denne perioden kan du stemme i vallokale over heile landet.Les meir om førehandsstemming på valg.no.LegitimasjonDu må ha med legitimasjon når du skal stemme. Det er ikkje nok å ha med valkort, eller å gje opp namn og fødselsdato.Les meir om kva for legitimasjon som er gyldig på valg.no.Vallokale i LomSundag den 10. og måndag den 11. september 2023 blir det halde val i desse lokala med følgjande tidspunkt: Vallokale 2023 Krins Røystelokale Opningstid sundag Opningstid måndag 01 Loar Kommunestyresalen, Midtgard Kl. 15:00 – 18:00 Kl. 09:00 – 17:00 02 Bøverdalen Bøverdalen samfunnshus, Boomerstugu Kl. 15:00 – 18:00 Kl. 09:00 – 17:00 03 Garmo Garmo skule Kl. 15:00 – 18:00 Kl. 09:00 – 17:00 Om du ynskjer å tidlegstemme eller førehandstemme, gjer du det i servicetorget på Midtgard. Publisert 28.04.2023 09.02