38 utrykkingar til nattbrannar i Oppland

Tre gonger i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Oppland. Nå står brannhøgtida for døra att. 

I samband med den årlege kampanjen Røykvarslardagen 2019 vil brannvesen og eltilsyn vera å treffe:

  • Lom coop (extra) tysdag 3. desember kl. 11-14  (Saman med Eidefoss)
  • Skjåk kjøpesenter (Power) torsdag 5. desember kl. 12 -15 (saman med Skjåk Energi)

Brannvesenet i Oppland rykka ut til 38 bustadbranner mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt på over tre brannar kvar natt kvar einaste måned hele året igjennom, berre i vårt fylke. Nå ber brannvesenet om at alle sjekker røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månad.

 

- Når det brenn,er kvart sekund avgjerande. Ein overlev ikkje lenge i ein bustad som raskt blir fyllt opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidlig varsling for å redde seg sjølv og dei man bur saman med.

 

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustadar skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

 

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følger med, også når du søv. Sørg for å gå brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrar varslaren godt. 

 

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er årets mest hektiske måneder for brannvesenet i Norge. 

 

- Vi trekker innadørs, fyrer i peisen, lager feit mat på komfyren, tender lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg.

 

Lokale arrangementer 

I forhald til Røykvarslardagen 2019, blir Lom og Skjåk brannvesen og eltilsyn blir å treffe Coop Extra i Lom tysdag 3. desember kl. 11-14 og

på Skjåk kjøpesenter v/ Power torsdag 5. desember kl 12-15

Her blir det utdeling av kampanjemateriell, og anledning til å ta ein prat om branntryggleik.

 


På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken. 


Kontaktpersoner lokalt:

Unni Merete Lund, branninspektør Lom og Skjåk brannvesen  tlf 9598 9948

 

Fakta: 

Totalt har brannvesenet rykket ut 907 ganger til boligbranner mellom kl 23 og kl 07 i løpet av 2018. 

 

Antall boligbranner på natten per fylke: 

Fylke

 

Antall 

 

 

Oslo 

 

207

 

 

Trøndelag 

 

75

 

 

Hordaland 

 

69

 

 

Akershus 

 

58

 

 

Rogaland 

 

58

 

 

Vestfold 

 

50

 

 

Vest-Agder 

 

45

 

 

Nordland 

 

43

 

 

Østfold 

 

41

 

 

Oppland 

 

38

 

 

Buskerud 

 

36

 

 

Møre og Romsdal 

 

35

 

 

Aust-Agder 

 

34

 

 

Telemark 

 

32

 

 

Finnmark 

 

28

 

 

Hedmark 

 

26

 

 

Troms 

 

20

 

 

Sogn og Fjordane 

 

12

 

 

Totalt

 

907