40% vikarstilling som rettleiar/sakshandsamar
NAV Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk Kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret er lokalisert i Bismo, Skjåk.
Arbeidsoppgåvene er oppfølging med eit breitt fagfelt
- Rettleie, motivere og utøve endringsarbeid med folk som treng hjelp til å kome i arbeid og aktivitet, inkludert å kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter
- Vurdere og setje i verk tiltak som kan hjelpe brukaren med å kome i arbeid og aktivitet
- Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte
- Arbeidsoppgåver og saksbehandling i tråd med t.d. Forvaltningslova, Lov om sosiale tenester og Lov om Folketrygd
- Handtere fleire datasystem for å løyse NAV sine oppgåver
Kvalifikasjonar
- 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet (bachelor)
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Erfaring frå endringsarbeid- og rettleiingsarbeid er ynskjeleg
- Ha evne til å tole stress og stor arbeidsmengd
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- God IT-kompetanse
Vi vektlegg at du
- Har evne til å arbeide målretta, nøyaktig og effektivt
- Har evne til å rettleie brukarar, medarbeidarar og samarbeidspartar
- Har evne til å arbeide i team
- Er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag
- Er engasjert og ser mogelegheiter for brukaren
- Har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne
- Har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel, initiativrik og omstillingsdyktig
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Søkjarar må disponere eigen bil – ein må rekne med noko reising som ein del av jobben.
Vil du veta meir om NAV - gå inn på nav.no.
Vi tilbyr
- tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til
Ingunn Merete Tvedt, leiar NAV Lom og Skjåk, ingunn.merete.tvedt@nav.no
Søknadsfrist 26. januar 2025.
Kommunedirektøren