8. mai-markering i Lom

Fredag 8. mai kl. 10:00 blir frigjerings- og veterandagen markert utanfor Lom stavkyrkje. 

8. mai er dagen da Norge igjen vart fritt etter fem år med okkupasjon under andre verdskrig. Dagen er også veterandagen, der vi heidrar alle som har kjempa for Norge og bidrege i internasjonale operasjonar for fred og tryggleik. Markeringa gjev oss høve til å minnast dei som ofra mykje for fridomen vi har i dag, og til å vise takksemd og respekt for innsatsen til både tidlegare og nåverande veteranar.

Tid og stad

  • Fredag 8. mai kl. 10:00
  • Ved minnesmerket ved porten inn til Lom stavkyrkje

Program

  • Tale ved varaordførar Sigrun Garmo
  • Nedlegging av krans
  • Deltaking frå Heimevernet