APRILSPØK:Ny vegtrasè RV 15 utanfor Lom sentrum

Statens Vegvesen offentleggjer i ei pressekonferanse frå Lillehammer seinare i dag ei rekkje vegprosjekt som skal igangsetjast i regionen vår. Verd å merke seg for Lom kommune er effektuering av reguleringsplanen for RV 15 utanfor Fossbergom.

Informasjonsrådgjevar ved Statens Vegvesen - Steinar Svensbakken, kan fortelja at det no er klart for å rusta RV15 for større tungtrafikk til og frå vestlandet, og turen er komen til Lom sentrum. Svensbakken peiker på at Fossbergom er den siste flaskehalsen for større tungtrafikk slik det er no, og det er realistisk at vegen som skal gå utanfor sentrumet vårt kan vera ferdigstilt allereie i 2020. 

Detaljar og dokument knytt til dette prosjektet blir offentleggjort etter Statens Vegvesen si pressekonferanse seinare i dag, men eit oversiktskart over kvar den nye vegen går ser de over i denne artikkelen. 

Lom kommune kjem attende med meir etter informasjon i løpet av dagen.