Bedriftsbesøk - Lom & Skjåk Rørservice A/SVi har heldigvis mange dyktige handverkarar i Lom! Ein av desse er Anders Skjelden, som starta opp bedrifta Lom & Skjåk Rørservice AS i 2022. Røyrleggjar Anders Skjelden og sumarhjelp Marius Jevnheim-Bakkom Åshild Myhre Amundsen Etter 14 år som røyrleggar fekk Anders Skjelden lyst til å starte opp si eiga bedrift. Far til Anders dreiv som røyrleggar før, så da var det praktisk å arve lokala etter han i Solsidevegen i Lom. Bedrifta tilbyr alt frå oppussingsoppgåver eller bygging av komplette baderom, vassboren varme, vassmålar, sanitæranlegg, pumper, vannrenseanlegg og speilsveis/elektrosveis. Dei driv aktivt på sosiale medier, så sjekk dei gjerne ut på Instagram og Facebook. Anders er allereie i gong med å tenkje rekruttering for framtida, og på bildet ser vi han saman med årets sumarpraktikant Marius Jevnheim-Bakkom, som elles går på vidaregåande skule i Lom. Kortreist arbeidskraft der altså! Vi gratulerer med ein vellukka oppstart, og ynskjer lykke til med vidare drift. Du kan lese meir om Lom og Skjåk Rørservice her: Heimeside: https://lsrorservice.no/ Facebook: Lom & Skjåk Rørservice A/S Instagram: @lomogskjaakrorservice Publisert 08.09.2023 12.40