Bli med på Pårørandekonferansen i Utgard!

Pårøranderolla kan angå oss alle – uavhengig av alder og livssituasjon.

Årets tema er «Når ansvar møter motstand», og handlar om pårørande og fagfolk i eit velferdssystem som er under press.

Kva betyr det å vere pårørande – og korleis kan vi bli betre til å møte dei som står nær? Dette er blant spørsmåla som blir tekne opp under Pårørandekonferansen 2026.

Onsdag 23. september kan du få med deg konferansen digitalt frå Utgard i Lom. 

Programmet byr på ei spennande blanding av personlege erfaringar, fag, forskning og politikk.

Mange spennande innleiarar

Else Kåss Furuseth er ein av programleiarane og deler også eigne erfaringar med pårøranderolla. Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opnar konferansen, medan filosof og forskar Henrik Syse skal snakke om å sjå ting frå eit anna perspektiv.

Du får også møte mellom andre Ine Eriksen Søreide, som deler erfaringar som pårørande, og Inger Lise Hope, kjend som vinnaren av The Voice Norge i 2024.

Programmet tek opp tema som barn som pårørande, pårørande i arbeidslivet, psykisk helse, rus og korleis helse- og omsorgstenestene kan bli betre til å lytte til og samarbeide med pårørande.

Ein konferanse for fleire enn du kanskje trur

Du treng ikkje vere fagperson for å ha utbytte av konferansen. Pårøranderolla handlar ikkje berre om å ta vare på eldre eller sjuke foreldre. Ho kan oppstå i mange ulike fasar av livet og i møte med mellom anna sjukdom, psykiske helseutfordringar, rus eller andre situasjonar der nokon vi står nær, treng ekstra støtte.

Kanskje er du pårørande utan å ha tenkt på deg sjølv på den måten.

Velkomen til ein dag med kunnskap, erfaringar og nye perspektiv!

Utgard, Lom
Onsdag 23. september 2026
Kl. 10.00–14.30

Sjå heile programmet Påmelding Les om arrangementet på Friskus