Bufdir lyser ut midlar til inkludering av barn i låginntektsfamiliar.
Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.
Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få ta del i viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å ta del. Tilbodet skal så langt det er råd ha låge eller ingen kostnader.
Mei informasjon og søknadsskjema finn du her:
https://www.bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/