Bakgrunn for planarbeidet
Bakgrunnen for planforslaget er at Lom kommune arbeider med planar om bygging av omsorgsbustadar på eit areal som ligg til kommunen sine eigedomar Røyskattlie 18 og Krokamyrvegen 10. I samband med byggeprosjektet er det nødvendig å oppdatere reguleringa som gjeld for området.
Om planområdet
Kommunen har utarbeidd forslag til reguleringsplan for området. Planforslaget omfattar kommunen sin eigedom GID 70/130 (heile), del av GID 70/184 (tomt for Lom helseheim), veggrunn for den kommunale vegen Røyskattlie og krysset mot fylkesveg 2638 Solsidevegen.
Dokument i høyringa
Høyringsforslaget omfattar følgjande dokument:
Desse dokumenta er vedlegg til denne artikkelen.
Planforslaget - innhald og tiltak
Planområdet har eit areal på 6119 m². Planforslaget legg til rette for bygging av omsorgsbustadar med tilhøyrande personalbase (knytt til miljøarbeidartenesta) på eit areal på 3918 m². Arealet er omfatta av reguleringsplan frå før med reguleringsformål offentleg tenesteyting, som i forslaget er vidareført og er spesifisert til «Helse- og omsorgsinstitusjon».
Bygget med adresse Krokamyrvegen 10 («Kvandalsvollhuset») skal rivast i samband med den nye utbygginga, og er markert som bygnad som skal bli fjerna i reguleringsplanforslaget.
Planforslaget inneber også regulering som legg til rette for opprusting og betre kryssløysingar for Røyskattlivegen. Det er føreslege 6 langsgåande parkeringsplassar langs Røyskattlie, og også ei «ventelomme» der bilar/minibussar kan stoppe midlertidig for å ta på og setje av passasjerar.
For nærare informasjon om planforslaget, viser til dei vedlagte dokumenta.
Tilgjenge til dokument
Høyringsdokumenta ligg også til gjennomsyn i papirversjon på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket. Kart og dokument er dessutan tilgjengelege på kommunen si kartinnsynsløysing.
Varsling og utsending
Høyringsbrev med vedlegg er sendt heimelshavarar til naboeigedomar, til statlege, regionale og kommunale instansar og andre med interesse i planarbeidet.
Uttalefrist og innsending
Frist for å kome med uttaler til planforslaget er sett til 11. juni 2026.
Uttaler sendast til:
Lom kommune
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom
Eller på e-post til: post@lom.kommune.no
Merk uttala med sak nr. 2025/1140.
