Draumestipendet 2020 – ope for nominasjon til 24. januar

Søkjarar må kontakte Lom og Skjåk kulturskule innan 10. januar!

Draumestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer vi å synleggjere kommunane sitt arbeid for born og unge.

Vårt håp er at draumestipendet skal vera verdifull inspirasjon og ein viktig hjelp til å oppfylle mange kulturutøvande ungdom sine draumar.

Kvar kommune kan nominere ein person eller ei gruppe innan kvar av desse kategoriane: Dans, musikk, skapande skriving visuell kunst, sirkus, teater, anna.

For å søkje om å bli nominert til Draumestipendet 2020, må ein vera født tidlegast i 2000 og seinast i 2007.

Ein breid samansett jury vel ut 100 heldige mottakarar av Draumestipendet kvart år.

Offentleggjering av dei 100 som får Draumestipendet i 2020, vil bli offentleggjort i løpet av mai/ juni.

Vil du bli nominert, eller kjenner du nokon som kan bli nominert til Draumestipendet 2020? Ta kontakt med Lom og Skjåk kulturskule v/ Oddrun Kvalheim. Kulturskulen vel ut dei som skal nominerast frå Lom kommune og Skjåk kommune innanfor dei sjangrane som er nemnt ovanfor.

Frist! Nominasjon av kandidatar sendast Lom og Skjåk kulturskule innan onsdag 16. januar.

 

Les meir om Draumestipendet her: https://drommestipendet.no/