Ein liten status frå flyktningtenesta

Lom kommune har per dags dato teke imot 24 flyktningar frå Ukraina. Åtte av flyktningane kom i år.

Alle flyktningane er busett sentrumsnært.

Lom kommune skal ta imot 12 flyktningar til, men manglar for tida bustadar. Dette vil løyse seg i haust.

90% av flyktningane i arbeidsfør alder har fått seg ordinær sommarjobb hjå lokale bedrifter i Lom. Tusen takk til desse bedriftene!

I haust vil dei fyrste som kom til Lom vere ferdig med sitt introduksjonsprogram, og vil da trenge å finne seg ordinært arbeid i området.