Ein milepæl er nådd!

I dag, 15. september 2021, var siste dag for massevaksinering i Lom, og heile 95% av innbyggjarane, som stod på vaksinasjonslista, er nå vaksinert.

For å markere dette tok kommunlasjef helse Synne Skogsrud, tenesteleiar Tonje Lien Barkenæs Eggen og varaordførar Marit Sletten turen til Utgard for å gje vaksinasjonteamet ein stor takk.  

Lom kommune er stolt over innsatsen som er lagt ned. Både av vaksinasjonsteamet OG av deg som innbyggjar. 

I vaksinasjonsteamet har fleire sett andre jobbar på vent, dei har ofra ferie, dei har jobba ekstra og fleire har latt pensjonisttilværet vente. Dei har stilt opp kvar einaste onsdag – og meir til – sidan i vår.

Det er vi mektig stolte og takksame for! Så TAKK til kvar og ein av dykk!

Så ynskjer Lom kommune og å takke kvar enkelt innbyggjar. Vi har nemnt det før, men vi seier det ein gong til, det er ikkje berre tilfeldigheiter og flaks, men og dyktigheit som har gjort at vi så langt har unngått større utbrot i Lom. Vi har klart å beskytte både oss sjølve og våre besøkande. Og nå har de stilt opp att – ikkje berre ein gong, men to gonger for å minimere sjansen for at du sjølv og andre blir alvorleg sjuke.

Pandemien er ikkje over, og vi må framleis vere litt ekstra på vakt, teste oss ved symptom og ha ekstra god hand- og hostehygiene. Men vi er eit viktig steg vidare! Vi har nådd ein milepæl!

Takk for innsatsen så langt, til både små og store innbyggjarar!

 

Beste helsing
Lom kommune

 

PS: Laurdag 18. september er det drop in for koronavaksinasjon. Om du ynskjer vaksine, så er det berre å stille opp på Lom helsesenter mellom kl 10:00-12:00.