Er du ergoterapeut? Da har vi stilling til deg!

Ergo- og fysioterapitenesta i Lom og Skjåk har ledig ei 100% fast stilling, og eit 100% vikariat som ergoterapeut. Søknadsfrist: 18.08.2024.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lom er vertskommune for den  interkommunale ergo- og fysioterapitenesta som består av 2  årsverk ergoterapistilling, og 4,3 årsverk fysioterapistilling. I tillegg har vi 80%   fysioterapeut med driftsavtale. Vi tykkjer vi er ein "luggum" gjeng som tilstreber eit kompetent fagmiljø.

Ergo- og fysioterapitenesta har ansvar for sine fagfelt i tillegg til  kommunalt hjelpemiddellager. Avdelinga har lokalar i båe kommunane.

Tenesta har tett samarbeid med andre kommunale tenester innan helse, skular og barnehagar.  Den faste stillinga vil ha  arbeidsstad i Lom kommune mens vikariatet vil ha arbeidsmøtestad i Skjåk kommune. Da tenesta er felles for Lom og Skjåk kommunar kan det vere aktuelt med arbeidsoppgåver i båe kommunane ved behov.

Det er ledig to stillingar innan ergoterapitenesta i Lom og Skjåk: 

  • ei 100% fast stilling med oppstart anrast etter 18.08.24. 
  • eit 100% vikariat med oppstart snarast, og varigheit ut året. Det er moglegheit for forlenging. 

 

Arbeidsgjevar kan hjelpe til med å finne bustad. 

Arbeidsoppgåver

  • Ergoterapifaglege oppgåver for å bidra til å styrke folkehelse, førebygging og re-/habilitering. Her inngår å kartlegge/undersøkje fysisk- og kognitiv funksjon med fokus på ressursar og meistring, rettleie brukare, pårørande og tilsette  samt oppfølging av pasientar på institusjon.
  • Koordinator for rehabilitering på institusjon.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og vurderingsmøte.
  • Koordinator for kvardagsrehabilitering.
  • Utvikle, følge opp og implementere velferdsteknologi.
  • Samarbeide med demensteamet.
  • Kartlegge og tilrettelegge bustad
  • Hjelpemiddelformidling og ansvar for lokalt hjelpemiddellager i samarbeid med vaktmeister og reingjeringspersonalet

Vi ser etter deg som er:

  • offentleg godkjent ergoterapeut
  • har godkjent politiattest
  • har førarkort klasse B

I tillegg ynskjer vi at du: 

  • er glad i faget ditt, glad i menneske og har godt humør
  • har evne til å samarbeide og vere fleksibel
  • er strukturert og kan jobbe sjølvstendig
  • har interesse for velferdsteknologi

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr deg:

  • Løn etter utdanning og ansiennitet (årsløn i 100% stilling mellom kr. 507 400 - 745 100,-)
  • God pensjonsordning i KLP
  • Hjelp til å finne bustad

Er dette noko for deg? 

Send inn ein søknad seinast 18.08.2024!

Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.

Nærare opplysningar om stillinga får du av avdelingsleiar for ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk: 

Sivert Jonassen, telefon: 481 65 520 // e-post: sivert.jonassen@lom.kommune.no

 

Alle bileta nedanfor er teke av Live Andrea Sulheim.

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde