Flyktningkonsulent - 100% fast stilling

Søknadsfrist: 8. desember. Ynskjeleg med oppstart 1. januar.

Har du lyst å bli kjent med nye menneske? Er du løysingsorientert og har evner til å sjå eit menneske sine ressursar og moglegheiter? Er du glad i å jobbe i team, men også sjølvstendig?


Vi søkjer ein systematisk, positiv og engasjert medarbeidar som vil vera med å drive arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.


Flyktningtenesta har ansvar for:
•    Busetting av flyktningar i tråd med kommunestyret sitt vedtak
•    Informasjon, råd og rettleiing til flyktningar i etableringsfasa
•    Drift av introduksjonsprogram og oppfølging av deltakarar i programmet
•    Koordinering med kommunens andre tenester

Arbeidsoppgåver:
•    Førebu bustader og gjennomføre busetting av flyktningar
•    Heilskapleg oppfølging og rettleiing av familiar etter busetting, t.d. heimebesøk
•    Utarbeide integreringsplanar og følgje opp deltakare i introduksjonsprogrammet mot utdanning og arbeid
•    Etablere praksisplassar og følgje opp desse
•    Rettleie flyktningar slik at dei vil klare seg sjølv i kvardagen
•    Samarbeide med, og koordinere tenester i kommunen, t.d. skule, barnehage, nav, helsetenester, og friviljuge lag og organisasjonar for å sikre rask og god integrering.
•    Sakshandsaming i tråd med integreringsloven, inkludert arbeid med å dokumentere i oppfølging i aktuelle fagsystem
•    Noko bilkøyring må påreknast

Endringar i arbeids- og ansvarsområdet må kunne påreknast. Stillinga kan og bli nytta inn mot andre kommunale tenesteområde. 


Kvalifikasjonar:
•    Minst treårig relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet, gjerne innan sosialfag, pedagogikk, rådgjeving, psykologi, Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
•    Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med flyktningar
•    Ynskjeleg med erfaring frå sakshandsaming
•    Kunnskap om det offentlege tenesteapparatet og tilbodet kommunen yter til innbyggjarane
•    God kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv
•    Gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg i norsk
•    God digital kompetanse
•    Førarkort klasse B


Det er også ynskjeleg at du har:
•    Kjennskap til integreringslova og introduksjonsprogram


Personlege eigenskapar:
•    Har høg arbeidskapasitet og solid gjennomføringsevne
•    Er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert
•    Er empatisk, samlande og inkluderande 
•    Er god på lagspel og brubyggjar – syner fleksibilitet
•    Kan sette grenser i krevjande situasjonar

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby:
•    Oppgåva er styrande og arbeidstida vil vere ein kombinasjon av dagtid/ettermiddag/kveld, men hovudsakleg dagtid
•    Løn etter avtale – (avhengig av kvalifikasjonar)
•    Vi kan tilby spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med avdelingsleiar Hæge Nyrnes, tlf. 41503923 eller tenesteleiar oppvekst Pål Bertil Eide, tlf. 90960740


Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest av ny dato. 


Elektronisk søknad på: www.lom.kommune.no 


Søknadsfrist: 08.12.2024
 

Kontakt

Hæge Nyrnes
Avdelingsleiar
Telefon 415 03 923
Pål Bertil Eide
Tenesteleiar oppvekst
Mobil 909 60 740