Forsikringsansvar - informasjon frå Lom kommune og NVE

Forsikringsansvar som følgje av flommen i Lom og Skjåk ser slik ut:

Ansvar for private bruer og private vegar
Kontakt ditt private forsikringsselskap
Ansvar for pumping av i vatn og/eller kloakk i kjellarar
Kontakt ditt private forsikringsselskap
Ansvar for kraftliner           
Eigar av kraftlinene
Ansvar for riks- og fylkesvegar                
Statens vegvesen
Ansvar for kommunale vegbruer og andre kommunal eigedomar:
Lom kommune
Ansvar for private eigedommar:
Inntil fem mål: Den enkelte sitt forsikringsselskap   
Over fem mål: Naturskadefondet: www.naturskade.no

Melding om naturskadeerstatning må vere naturskadefondet i hende innan tre månader etter at hendinga inntrefte. Eigne skjema finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet: www.Landbruksdirektoratet.no.
Andre skader
 NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat)
Erstatning for store naturskader kan bli dekt av NVE si hjelpeordning.
(Grunn)eigar melder skade til kommunen som samlar desse og sender dei vidare til NVE.
Tips
Hugs å ta fleire bilete av ev. skader for dokumentasjon