Prosjektgruppa med representantar frå Lom kommune, Senteret for et aldersvennlig Norge, Skjåk kommune, friviljugsentralen, SINTEF Digital og Regionrådet Nord-Gudbrandsdal.
Aldersvennlig.no
Lom kommune er i gang med eit forskingsprosjekt der det blir utforska korleis offentlege, private og friviljuge aktørar kan samarbeide om aktivitetstilbod til eldre innbyggjarar.
I samband med prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod i Lom kommune, er det starta opp eit forskingsprosjekt Ny tenestemodell for førebyggande helse i samarbeid mellom kommune, næringsliv og friviljug sektor.
Målet med forskingsprosjektet er å kartlegge moglegheitene for å opprette helsefremmande tiltak for eldre i eit samarbeid mellom ulike aktørar. Vidare vil prosjektet kartlegge kva for aktivitetar målgruppa finn interessant å delta på, samt faktorar som hemmar/fremmar deltaking.
Resultatet skal bli ei skisse til ein tenestemodell for aktørsamarbeidet for næringslivet, friviljuge og kommunen.
«Ny tenestemodell for førebyggande helse i samarbeid mellom kommune, næringsliv og friviljug sektor» er eigd av Lom kommune, og er finansiert av Regionalt forskningsråd for Innlandet.
Skjåk kommune, Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, Norsk fjellsenter, Visit Jotunheimen og Senteret for aldersvennlig Norge bidreg i prosjektet med kunnskap og som prosjektdeltakarar. Det same gjer representantar frå Vågå kommune, Sel kommune, Lesja kommune og Dovre kommune. SINTEF Digital er med som forskings- og utviklingspartner.
Les meir om det spennande prosjektet på aldersvennlig.no