Gateljos i Lom kommune

Lom kommune starta i 2018 eit prosjekt med oppgradering av eksisterande- og nyanlegg gateljos, dette prosjektet er vidareført for 2019.

I den anledning må det gjennomførast graving av grøfter for framføring av straumkabel samt gravearbeid for nedsetjing av nye fundament til master.

Strekningane dette gjeld er:

  • • Lykkja.
  • • Roavegen.
  • • Snikkarvegen.
  • • Røyskattlie.
  • • Vassvegen.
  • • Hamrom.

Arbeidet er planlagt å vera ferdig i veke 32.