Gje di stemme ved folkeavstemminga om Innlandet

Innlandet fylkeskommune 10. - 17. februar 2022 blir det gjennomført ei rådgjevande folkeavstemming der alle innbyggjarar frå 16 år er inviterte til å svare på fylgjande spørsmål:

Meiner du at Innlandet fylkeskommune skal vidareførast eller delast?

Kven kan stemme?

Har du adresse i Innlandet og fyller minst 16 år i løpet av 2022? Då kan du røyste. Vi kan rettleie deg dersom du treng det.

Dersom du ikkje er norsk statsborgar, kan det hende du har røysterett likevel.  

Sjå om du kan stemme

Digital folkeavstemming

Du kan stemme digitalt frå 10. til 17. februar. Gå inn på www.innlandetfylke.no/stem. Der vil du òg finne meir informasjon om kva fylkeskommunen jobbar med.

Treng du hjelp til å logge deg inn?

Dersom du treng hjelp til å logge deg inn for å stemme ber vi deg om å ta kontakt med pårørande, verge eller andre som står deg nær. Om du er busatt i Lom og ikkje har nokon til å hjelpe deg, kan vi i Lom kommune rettleie deg med å logge deg på sjølve folkerøystinga.

Ta kontakt med oss på telefon 61 21 73 00 eller møt opp i servicetorget på Midtgard. 
Opningstid: 10:00-14:00 (kvardagar frå 10. -17. februar). 

I tillegg har fylkeskommunen oppretta ein telefon for dei som treng hjelp og rettleiing.
Telefon: 400 21 227
Opningstider: 08.00–20.00 på kvardagar og 10.00–15.00 laurdag og sundag.

Du kan og sende spørsmål på e-post: stem@innlandetfylke.no

Hugs digital ID

Du må ha elektronisk ID for å kunne røyste. Dette kan ta opptil ei veke å få på plass. Dei mest vanlege formane for elektronisk ID er MinID og BankID. Sjå hjelp og rettleiing for elektronisk ID

Du røyster anonymt

Sjølve avrøystinga  skjer på ein sikker plattform, og du er garantert at namnet ditt ikkje kan knytast til kva du røyster.

 

Les meir informasjon om folkeavstemminga.