Målet i Noreg om at minst 80 prosent av barna skal sykle eller gå til skulen kvar dag og lokal satsing på dette området i Innlandet, gjer at det stadig blir fleire skular som innfører trafikksikkerheitstiltaket «Hjertesone». Tiltaket til Trygg Trafikk, Statens vegvesen og Innlandet fylkeskommune skal gjere det tryggare og meir attraktivt for barn å gå eller sykle til skulen og stimulere til mindre foreldrekøyring. Vi ønskjer at foreldre og forsette skal la barna sykle eller gå sjølv dersom det er mogleg. I motsett fall kan du kanskje sette av barnet ditt eit lite stykke unna skulen? For litt frisk luft og bevegelse før skuledagen startar er gull verdt.
Den største utfordringa skoler trekker fram i TØIs evalueringsrapport om Hjertesone, handlar om at foreldre ikkje følgjer hjertesoneanbefalingane, og fortsatt køyrer barna heilt inn til skulebygningen. For å kunne skape ei Hjertesone på best mogleg måte er det fleire moglege tiltak ein kan gjennomføre. I hovudsak vil hjertesonearbeidet bestå av atferds- og holdningsskapande tiltak, men det kan også vere aktuelt med supplerande fysiske tiltak av mindre størrelse. Altså at det skal vere så lite bilkøyring som mogleg i skulens nærområde. Tar du utfordringa? Bruk gjerne litt av sumarferien på å øve med barnet på å gå skulevegen, eventuelt finne ein trygg stad å sette av barnet så det kan gå siste delen. Lykke til!
Trygg Trafikks tips til å øve på skulevegen:
1. Gå skulevegen utan barnet i fyrste omgang og kartlegg plassar som kan vere kompliserte eller by på moglege farar.
2. Ta dykk god tid og gå fleire turar saman.
3. Prat om det som skjer langs vegen og dei farane som kan oppstå.
4. La barnet ta meir og meir styring etter kvart.
5. Ha det hyggjeleg saman!