Tenesteområde for helse og meistring treng ferievikarar til ulike avdelingar:
- Institusjon
- Heimesjukepleie
- Tilrettelagte tenester
- Kjøken
- Heimehjelp
- Dagsenter
Er du sjukepleiar eller vernepleiar? Eller helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar? Eller kanskje du er student innan helsefag eller innan pedagogisk utdanning? Er du elev på vidaregåande eller ufaglært?
Då er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Lom kommune.
Lom kommune tilbyr følgjande:
- Ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår
- Opplæring og moglegheit for allsidig erfaring
- Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppåver
- Høgt fagleg nivå på tenestene
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass i stadig utvikling
- Lom kommune har ei bonusordning for gjennomført sommarvikariat
Det er eit krav at søkjar har førarkort klasse B for arbeid i heimesjukepleia, heimehjelpa, dagsenter og tilrettelagte tenester.
Personleg eignaheit er vektlagt
Arbeidsperioda gjeld i hovudsak frå veke 26 til og med veke 33.
Arbeidstid: Etter gjeldande turnus med arbeid, i utgangspunktet annakvar helg.
Nærare opplysningar:
For institusjon og kjøken, kontakt Guro Einbu, tlf. 404 37 941
For heimehjelp, heimesjukepleie eller dagsenter, kontakt Julianne Ramstad Plassen, tlf. 47 46 02 96
For tilrettelagte tenester, kontakt Ann Kathrin Flækøy, tlf. 47 45 32 41.
Søknadsfrist: Fortløpande
I søknaden må du skrive kva for arbeidsplass du ynskjer å vere ferievikar og kva for veker du ynskjer å jobbe.
Kom og jobb med oss!
B. Rossehaug