Kommunen er forureiningsmynde etter forureiningsforskrifta kapittel 2 (opprydding i forureina grunn ved bygge- og gravearbeid), 12 (krav til utslepp av sanitært avlaupsvatn frå bustadhus, hytter og liknande), 13 (krav til utslepp av kommunalt avlaupsvatn frå mindre tettstader), 15 (krav til utslepp av oljehaldig avlaupsvatn) og 15A (påslepp av avlaupsvatn til offentleg avlaupsnett frå verksemder), og i forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygg.
Kommunen er etter det same regelverket ansvarleg for å kontrollere at regelverket blir følgd.
Kommunen har etter forureiningslova § 52a anledning til å krevje gebyr for desse oppgåvene. Formannskapet i Lom kommune vedtok 14.9.2024, sak PS 2024/73, å leggje forslag til forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll etter forureiningsregelverket til høyring. Forskrifta med følgjebrev og saksframlegg kan lesast på www.lom.kommune.no. Ta kontakt med kommunen dersom du ønskjer papirutskrift av dokumenta.
Innspel skal sendast til post@lom.kommune.no eller Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom innan 31.10.2024.
FILER:
Saksprotokoll Høyring av gebyrforskrift, forureiningsregelverket (PDF, 76 kB)
Lom kommune - Gebyrforskrift forureiningsmynde - høyringsforslag (PDF, 68 kB)
Lom kommune - Følgebrev til gebyrforskrift (PDF, 104 kB)