Høyring - søknad om løyve etter forureiningslova - etablering av krematorium for smådyr/kjæledyr - Lom kommune

Statsforvaltaren i Innlandet har lagt ut til høyring søknad frå Innlandet Smådyrkrematorium AS om løyve etter forureiningslova for etablering av krematorium for smådyr/kjæledyr på Skjæsarøye 9 i Lom.

Innspel og kommentarar til søknaden kan sendes til Statsforvaltaren. Frist for innsending er fredag 23. august 2024.

 

Søknaden

Innlandet Smådyrkrematorium AS søkjer om løyve for drift av krematorium for smådyr i Lom kommune. Anlegget skal halde til i eit nytt bygg på Skjæsarøye 9. Området er regulert for industri og verkstadverksemder. Anlegget vil handtere smådyr/kjæledyr, ikkje større husdyr eller vilt. Det vil bli aktuelt å sette krav til driftstid og tal på kor mange kremasjonar i året verksemda kan gjennomføre.

Søknaden kan du sjå her som vedlegg til denne artikkelen. Vedlegga finn du nederst i artikkelen. Elles er utskrift av alle sakens dokumenter å finne i papirversjon i Lom kommune sitt servicetorg på Midtgard.

Verksemda kan medføre utslepp til ytre miljø:

1. Utslepp til luft og lukt

Verksemda vil medføre utslepp til luft, de skal nytte ein forbrenningsomn tilpassa formålet. Søkjer beskriv at det kan førekomme lukt frå handtering av kadaver, det er videre beskrive tiltak for å unngå dette.

2. Utslepp til vatn

Verksemda vil ikkje ha utslepp til vatn frå sjølve kremasjonsprosessen. Vaskevatn knytt til vask av klede og utstyr skal, etter opplysning frå søkjer, til kommunalt avlaupsnett.

3. Utslepp til grunn

Verksemda vil lagre drivstoff i tankar.

4. Utslepp via avfall/oske

For felles kremering leverast oska til det lokale renovasjonsselskapet for videre deponering. Anna oske skal attende til dyreeigar.

Informasjon om videre saksgang

Etter at Statsforvaltaren i Innlandet har fått innspel, vil søkjer få moglegheit til å gje attendemelding på desse. Deretter vil Statsforvaltaren utarbeide eit utkast til utsleppsløyve og varsle eit vedtak. Dette vil gå i kopi til kommunen og andre som har sendt innspel. Deretter vil Statsforvaltaren fatte vedtak om utsleppsløyve.

Adresse for innspel om merknadar

Statsforvaltaren ber om at eventuelle innspel vert sendt til dei – til adresse:

Statsforvaltaren i Innlandet på e-post: sfinpost@statsforvalteren.no,

eller per post: Postboks 987, 2604 Lillehammer.

 

Frist for innspel og merknadar:

innan fredag 23. august 2024

 

Vedlegg

1_Høyringsbrev frå Statsforvaltarn - smådyrkrematorium (PDF, 92 kB)

2_Søknad om utsleppsløyve smådyrkrematorium (PDF, 60 kB)

3_Tiltak innteikna i reguleringsplan - smådyrkrematorium (PDF, 2 MB)

4_Byggeløyve (PDF, 115 kB)

5_Notat i samband med søknad_Smådyrkrematorium (PDF, 622 kB)

6_Kartvedlegg til notat i samband med søknad_Smådyrkrematorium (PDF, 969 kB)

Kontakt

Sander Sælthun
Plan- og miljøvernrådgjevar
Mobil 474 63 218