INFORMASJON OM ERGOTERAPI I LOM KOMMUNE FRÅ 01.01.2019
Ergoterapeut Ingunn Folden Grundetjern sluttar i Lom kommune i slutten av november-2018.
Med atterhald om politisk godkjenning (budsjettvedtak for 2019) vil det frå 01.01.2019 bli samarbeid med Skjåk kommune på ergoterapiområdet.
Karin Aune Ulen vil da ta seg av alt med hjelpemidlar i Lom. Ho vil også vera syns- og hørselskontakt. Ho vil vera i Lom annan kvar tysdag (veker med partal) og kvar torsdag og kan treffast på telefon 91 16 37 18. Ho har epostadresse karin.aune.ulen@skjaak.kommune.no
Britt Elin(Bitte) Fossøy vil bistå Lom kommune med ergoterapioppgåver kvar onsdag.
Ho kan treffast på tlf. 91 16 37 18 og har epostadresse britt.fossoy@skjaak.kommune.no
Karin og Bitte vil også i perioden frå Ingunn sluttar og fram til nyttår bistå Lom kommune med naudsynte oppgåver innafor hjelpemidlar/ergoterapi.