Informasjonsmøte for næringslivet om retaksering og eigedomsskatt

Lom kommune inviterer eigarar av næringseigedomar på Fossbergom til eit informasjonsmøte om retaksering av eigedomar og eigedomsskatt.

Retakseringa av næringseigedomar i Lom kommune startar i juli 2026, og dei nye takstane gjeld frå skatteåret 2027. Synfaring av næringseigedomar er planlagd i veke 37, frå 7. til 11. september.

Målet med møtet er å gi informasjon om den komande retakseringa og svare på spørsmål frå næringslivet.

På møtet får du informasjon om:

kvifor kommunen gjennomfører retaksering
korleis synfaringa blir gjennomført og kva eigarane kan vente seg
korleis næringseigedomar blir takserte
korleis eigedomsskatten blir rekna ut
den vidare prosessen
Det blir også høve til å stille spørsmål.

Det blir enkel servering. Det er ikkje nødvendig med påmelding.

Velkomen til informasjonsmøte!