Innkjøpskonsulent for Felles innkjøpskontor for Nord-Gudbrandsdalen – 100% vikariat

Kommunar skaffar årleg varer og tenester for ein betydeleg sum og som innkjøparar er dei ansvarlege for at dette går føre seg på ein god måte. Derfor har kommunane Sel, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå etablert eit felles innkjøpskontor. Innkjøpskontoret er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid og tenestestad er Vågå kommune.

Ved innkjøpskontoret er det ledig 100 % vikariat som innkjøpskonsulent i minimum 6 månader. Stillinga har utfordrande oppgåver innanfor eit kontor og fag i utvikling. Saman med innkjøpsleiar vil du legge ramane for korleis vi kan skape gode løysingar og korleis vi kan nytte kommunanes avtaler på best mogleg måte.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:

  • Vera ein sentral og tydeleg person som bidreg til at kommunane gjer gode innkjøp
  • Hjelpe kommunane med gjennomføring av mindre anskaffingar
  • Forvaltning av regionens avtaleportefølje
  • Implementering og kontraktsoppfølging av rammeavtalar
  • Identifisere behov for nye rammeavtalar og utvikling av sortiment

I utviklinga av innkjøpskontoret og rolla som innkjøpskonsulent, kan arbeidsoppgåver endre seg.

Vi søkjer etter person med:

  • Relevant utdanning eller erfaring
  • God formidlingsevne, samarbeidsevne og evne til å inkludere andre i prosessar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø med tidsmessig utstyr
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn og stillingsplassering etter ansvar og kvalifikasjonar

 

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Søknadsfrist: 08.08.2021.

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte Erik Lindseth - mobil: 470 24 500 eller e-post: erik.lindseth@vaga.kommune.no

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off. lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.