Invitasjon til reiselivsbedrifter

Ynskjer du og di reiselivsbedrift auka kompetanse, og tilgang til informasjonsmateriell om villrein? Siste sjanse for å delta på kurs med Gudbrandsdalsmusea sitt prosjekt Villreinarven er 29. oktober 2024. 

Gudbrandsdalsmusea sitt prosjekt Villreinarven har som formål å hjelpe reiselivsbedrifter med å informere om og utvikle tilbod om rein. 

Prosjektet blir avslutta nå i år, og hausten 2024 blir derfor siste moglegheit for reiselivsbedrifter å delta på kurs om villrein. 

Kva får du tilbod om?

  • Kurs om villreinarven på 4 timar med Norsk Villreinsenter som føredragshaldarar.
  • Kjøp av to informasjonstavler à kr 1.000 pr. stk. 
  • Film om reinen i fleire lengder og på norsk og engelsk, totalt kr 1.000
     

Meir informasjon og påmelding: nordveggen.no/arrangement

Kurs i Lom: 
For å få tilgang til dette, må bedrifta delta på kurs i Lom på Fossberg hotell 29. oktober 2024 kl 9 – 13. 
Som eit ekstra tilbod når vi først er i Lom, har vi avtalt eit besøk for dei som ønskjer, hos Norsk Fjellsenter 29. oktober 2024 kl 13.30-16.

Bedrifter som melder seg på kurs, vil få informasjonstavlene overlevert i Lom om dei ønskjer, og så vil dei få lenkje til filmane.

Helsing Solveig Brøste Sletta, solveig@nordveggen.no, 98 88 38 16 Prosjektleiar Villreinarven

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje