Ledige midlertidige stillingar ved Loar skule og Lom ungdomsskule skuleåret 2021/22

Fossbergom sett frå lufta - Klikk for stort bildeFossbergom sett frå lufta Ola Ø Rossehaug Lom kommune har to skular, Lom ungdomsskule og barneskulen Loar skule. Komande skuleår vil det bli innført 1:1 iPad til alle elevar.

Skulane i Lom har gode resultat, og vi arbeider mykje og målretta med skulemiljø.

Det vil bli ledig minst 100% midlertidig stilling som lærar ved Loar skule. Det kan bli ledig fleire midlertidige stillingar ved begge skulane i Lom

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og leie elevane si læring
  • Analysere og følgje opp elevane si læring
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Vere aktiv i profesjonsfellesskap på skulen og i samarbeid med andre

 

Kvalifikasjonar

  • God relasjonskompetanse og tydeleg klasseleiing
  • Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning i grunnskulen
  • Samla må dei tilsette ved skulen kunne dekke flest moglege fag, engelsk og matematikk er særleg aktuelt
  • Bør ha erfaring med digitale læremiddel i undervisninga
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må legge fram dokumentasjon som syner spesifisert fagkompetanse og studiepoeng

 

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert, fleksibel og uredd i avgjerder
  • Lagspelar som er engasjert og motivert
  • Kreativ og nytenkande

 

Vi legg vekt på at du må vere personleg eigna.

 

Løn etter kompetanse og ansiennitet.

 

Søkjarliste vil bli offentleggjort.

Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med

Kari Anne Skjaak, rektor ved Loar skule

Telefon: 97 61 88 47

E-post: kari.anne.skjaak@lom.kommune.no

 

Elektronisk søknadsskjema finn du på www.lom.kommune.no

Søknadsfrist 7. mai