
Reisemålsstrategien er knytt opp mot overordna mål i nasjonal reiselivsstrategi. Strategiarbeidet er gjort som ein del av prosjektet «Lom som berekraftig reisemål», der Visit Jotunheimen er prosjekteigar.
Reiselivet er ei solid berebjelke i Lom sitt lokalsamfunn, meir enn 150 år etter dei fyrste turistane fann vegen til fjellheimen vår. Eit bygdesentrum med særpreg er bygd opp kring attraksjonskrafta naturen kring oss representerer, og resultatet er eit særs populært reisemål.
Lom opplevde i tiåret før pandemien sterk vekst, godt over snittet på landsbasis. Dei to fyrste åra etter pandemien har vore prega av mellom anna manglande tilgang på arbeidskraft, kraftig kostnadsauke, svekka privatøkonomi og ekstremvêr. Trass dette må vi møte framtida med optimisme. Det er estimert ein vekst i norsk reiseliv på nesten 50% fram mot 2030, og reiselivet vart hausten 2023 annonsert som ny, nasjonal eksportsatsing.
Frå nasjonalt hald er det ambisjon om å skape eit verdsleiande reisemål for berekraftig turisme. Denne ambisjonen bør Lom og kvalitetane våre ha særs gode føresetnadar for å byggje opp kring. Det er ei sterk auke i etterspørsel etter naturbaserte opplevingar, og saman med dei kulinariske styrkane og kulturarven har ein grunnlaget for eit reiselivsprodukt som står seg sterkt inn i framtida.
Dette strategiarbeidet handlar om å byggje vidare på styrkane våre og sjå nye moglegheiter – utan at det forringar levegrunnlaget til seinare generasjonar. Reisemålet Lom er tufta på natur, mat og kultur, og strategien skal byggje sterkare synergiar mellom desse ressursane, og med det også leggje til rette for ei vidare, berekraftig utvikling.
Bygginga av Lom som reisemål har vore prega av langsiktig tenking og berekraftige verdiar, og det er viktig at desse vert ført vidare. Det familiære vertskapet, det lokale engasjementet og den vakre naturen er døme på suksessfaktorar vi er nøydd til å ta i vare. Vi må ta tradisjonane med oss inn i framtida.
Gå til den reviderte versjonen av reisemålsstrategien. (PDF, 21 MB)