Lom kommune inviterer til innbyggardialog om oppvekststruktur
Innbyggardialogane er til for å styrke dialogen med innbyggarane, og denne gongen rettar Lom kommune særleg merksemd mot framtidig organisering av barnehage og skule.
Kvelden handlar om korleis vi best kan organisere oppveksttilbodet i kommunen – både på kort og lang sikt – slik at vi sikrar gode tenester for barn og unge innanfor dei økonomiske rammene kommunen har.
Vi ynskjer å høyre kva innbyggarane meiner om vegen vidare. Dette er viktige val som vil påverke både kvaliteten på tilbodet og utviklinga av lokalsamfunnet vårt.
Har du barn i barnehage eller skule – eller er oppteken av utviklinga i bygda? Dette er ei viktig moglegheit til å seie di meining og bidra i arbeidet med framtidas oppveksttilbod i Lom.
Garmo barnehage
• Måndag 20. april
• Kl. 18:00 -20:00
Lom folkebibliotek
• Onsdag 29. april
• Kl. 18:00 -20:00
Publisert av Rønnaug Nyrnes
Sist endret 16.04.2026 14.24