Lom søkjer utleigebustader i Fossbergom gjennom tilvisingsavtale

Gjennom tilvisingsavtalar har utbyggjarar og andre aktørar ein flott moglegheit til å bidra til å skape fleire utleigebustader for dei som treng det mest.

 I Lom sentrum, Fossbergom, er det ynskt fylgjande utleigebustadar:
• 4 stk. 2-roms (ca. 35 – 50 kvm)
• 2 stk. 3-roms (ca. 50 – 70 kvm

Les meir om utlysninga her: Tilvisingsavtale Lom kommune

Ved val mellom prosjekt vil kommunen leggje vekt på beskriving av utleigeselskapet, husleigenivå, tidspunkt for ferdigstilling, beliggenheit, nærleik til skule/barnehage, nærleik til bussforbindelse og plan for forvaltning/bumiljø.
Bustadutbyggjarar kan tilby leilegheiter i fleire prosjekt og dei må sjølve skaffe tomt til prosjekta.

Tidsfrist: Interessentar bes om å henvende seg skriftleg til Lom kommune, Servicesenteret innan 30.09.2024 kl. 14:00.