Lurar du på om du bør kjøpe inn jodtablettar?

Foto Åse Vendil, Apotekforeningen Det er mange som lurar på om ein treng å ha tilgjengeleg jodtablettar som fylgje av situasjonen i Ukraina.

På grunn av den store geografiske avstanden er det svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Norge.

Kriseutvalet for atomberedskap tilrådar at alle kommunar har jodtablettar tilgjengeleg for alle barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Lom kommune har jodtablettar tilgjengeleg for desse gruppene, og det er ein plan for utdeling om dette blir nødvendig.