Min Eiendom og eigenregistrering hjå Kartverket

Har du fått ei melding frå Kartverket om eigenregistrering og lurar på kva dette er? Her forklarer vi kort kva Min Eiendom er, og kvifor Kartverket no ber nokre eigarar og festarar om å sjå over opplysningar om eigedomen sin.

Kva er Min Eiendom?

Min Eiendom er ei digital teneste der du som innbyggjar kan få oversikt over opplysningar som er registrerte om eigedomen din. Løysinga er utvikla av Norkart og blir brukt av Lom kommune.

Du loggar inn med BankID og får tilgang til mellom anna:

  • kart som viser eigedomen
  • eigedomsgrenser og areal
  • bygningar og adresser
  • kommunale gebyr knytt til eigedomen

Min Eiendom gir deg ei samla oversikt og gjer det enklare å sjå kva opplysningar som ligg til grunn for kommunale tenester.

Min Eiendom 

Kvifor har du fått melding frå Karverket?

I februar 2026 lanserte Kartverket ei ny digital teneste for innsyn og eigenregistrering i eigedomsregisteret (matrikkelen).

Som eigar eller festar kan du logge inn og sjå kva opplysningar som er registrerte om eigedomen din, til dømes adresse, bygningar, bustad eller fritidsbustad. Kartverket ønskjer at opplysningane skal vere så riktige som mogleg, og har derfor opna for at eigarar og festarar kan bidra.

Eigenregistrering betyr at du frivillig kan:

  • sjekke om opplysningane som er registrerte stemmer
  • melde frå om feil eller manglar i utvalde opplysningar

Dei som får høve til å bruke tenesta, vil gradvis få ei melding frå Kartverket. Har du fått ei slik melding, er det fordi Kartverket ber deg sjå over informasjonen om eigedomen din.

Vil du lese meir?

Eigenregistrering hos Kartverket:

Innsyn og eigenregistrering – informasjon:

Ofte stilte spørsmål: