Kva er Min Eiendom?
Min Eiendom er ei digital teneste der du som innbyggjar kan få oversikt over opplysningar som er registrerte om eigedomen din. Løysinga er utvikla av Norkart og blir brukt av Lom kommune.
Du loggar inn med BankID og får tilgang til mellom anna:
- kart som viser eigedomen
- eigedomsgrenser og areal
- bygningar og adresser
- kommunale gebyr knytt til eigedomen
Min Eiendom gir deg ei samla oversikt og gjer det enklare å sjå kva opplysningar som ligg til grunn for kommunale tenester.
Min Eiendom
Kvifor har du fått melding frå Karverket?
I februar 2026 lanserte Kartverket ei ny digital teneste for innsyn og eigenregistrering i eigedomsregisteret (matrikkelen).
Som eigar eller festar kan du logge inn og sjå kva opplysningar som er registrerte om eigedomen din, til dømes adresse, bygningar, bustad eller fritidsbustad. Kartverket ønskjer at opplysningane skal vere så riktige som mogleg, og har derfor opna for at eigarar og festarar kan bidra.
Eigenregistrering betyr at du frivillig kan:
- sjekke om opplysningane som er registrerte stemmer
- melde frå om feil eller manglar i utvalde opplysningar
Dei som får høve til å bruke tenesta, vil gradvis få ei melding frå Kartverket. Har du fått ei slik melding, er det fordi Kartverket ber deg sjå over informasjonen om eigedomen din.
Opplysningane du registrerer, overskriv ikkje kommunen sine data.
Dei blir viste som tilleggsinformasjon og kan brukast av kommunen som grunnlag for vidare oppdatering.
Løysinga erstattar ikkje kommunal byggesaksbehandling eller anna saksbehandling, og endringar blir ikkje gjorde automatisk.
Opplysningane i eigedomsregisteret blir brukte av både innbyggjarar, kommunar og andre offentlege og private aktørar. Når opplysningane er riktige og oppdaterte, gir det betre grunnlag for mellom anna:
- kommunale gebyr og avgifter
- planlegging og byggesaker
- beredskap og naudtenester
- kjøp og sal av eigedom
Ved å sjekke informasjonen og melde frå om eventuelle feil, bidreg du til at registeret er mest mogleg i samsvar med verkelegheita og gitte løyve.
Vil du lese meir?
Eigenregistrering hos Kartverket:
Innsyn og eigenregistrering – informasjon:
Ofte stilte spørsmål: