Det er fleire område i Lom kommune som slit med dårleg breibandsdekning, og der det er lite lønnsamt å bygge ut. Der kan dugnadsfiber vere eit alternativ.
Dugnadsfiber er fiber som blir bygd ut på bakgrunn av eit samarbeid mellom private eldsjeler og utbyggjar, i tillegg til eventuelle offentlege tilskot. I dette tilfelle er det Eidsiva breiband som er den aktuelle utbyggjaren og samarbeidsparten.
Føremålet med møta er:
- Å informere om dugnadsfiber og korleis det kan organiserast / finansierast
- Å kartlegge interessa for dugnadsfiber i dei aktuelle områda.
Ved tilstrekkeleg interesse (minimum 20 husstandar) er det ynskjeleg å sette saman ei lokal gruppe som kan jobbe vidare med prosjektet, i samarbeid med Eidsiva og Lom kommune. Vi håper derfor at alle som ynskjer seg betre breibandsdekning tek seg tid til å stille.
Kl. 17 – 18.30: Møte om dugnadsfiber for busette langs Riksveg15, frå Prestgardssvingen til kommunegrensa ved Skjåk.
Møteplass: kommunestyresalen på Midtgard.
Arrangør: Skim grunneigarlag, Eidsiva og Lom kommune.
Du finn Facebook-arrangementet inne på Lom kommune si Facebook-side.
Kl. 19.00 – 20.30: Møte om dugnadsfiber for busette i Lia.
Møteplass: Lidarende (grendahus).
Arrangør: Lia ungdomslag, Lia grunneigarlag, Lom kommune, Eidsiva.
Du finn Facebook-arrangementet inne på Lom kommune si Facebook-side.