Ny løysing for direktesendingar av politiske møte

Steg 3_nettbrett og mobil Lom kommune har fått ny løysing for direktesendingar av politiske møte.

Frå nå av vil streaming av politiske møte gå føre seg på kommunens nettside. Møta som blir direktesendt blir annonsert på Facebook, samt at du finn oversikt over politiske møte i innsynsløysinga til kommunen. Gå til møtekalender. Førebels er dette berre kommunestyremøta som blir sendt direkte. 

Under finn du steg for steg-forklaring på kvar du finn direktesendingane på nettsida. Du kan også gå direkte til sendingane ved følgje denne lenka.

Slik finn du direktesendingar/opptak av politiske møte på nettsida:

Mobil og nettbrett

(Klikk på bileta for å gjere dei større.) 

  1. Gå til www.lom.kommune.no og klikk på dei tre strekane øvst til høgre på sida:
    Steg 1_nettbrett og mobil 

















     
  2. Skroll ned til du finn KommuneTV: 
    Steg 2_nettbrett og mobil 















     

     
  3. Klikk på Se alle under boksen for Kommunestyremøter
    Steg 3_nettbrett og mobil 
















     

PC

  1. Gå til www.lom.kommune.no
  2. Klikk på KommuneTV i verktylina som du finn øvst på sida
    (Klikk på biletet for å gjere det større)
    Finn KommuneTV på PC 

     

 

Du kan og nytte søkefeltet på nettsida, da skriv du berre inn KommuneTV så får du opp eit forslag som heiter Direktesendingar av politiske møte.
Søkefelt