Nye medarbeidarar på Næring

Åshild har fått nye kollegaer på Næring! Linda Sund er på plass som bygdeutviklar, vikariat  for Hege Olimb Myhre.  I tillegg er Olena Bulka i gong som språkpraktikant i Lom kommune. 

I august starta Linda Sund i eit års vikariat for Hege Olimb Myhre, som bygdeutviklar/ bustadkonsulent. Siste året jobba ho i Flyktningtenesta i Lom kommune. Linda bur i eit sjarmeranda hus frå 1800 talet i Skjåk,  saman med 2 kattar (Simba & Doris) og ein hund (Kira).  Ho er nyinnflyttar til Skjåk, fødd og oppvakse i Romsdalen, men budd og jobba over 20 år i Oslo. Der jobba ho i privat næringsliv, innan medieovervaking. Linda er utdanna ved Norsk Reiselivshøgskole i Oslo og Spania. Ho stortrivst no i Lom pga menneska og det tørre klimaet!

Olena Bulka er frå Ukraina, og er ny språkpraktikant i Lom kommune.  Olena kom til Lom mai 2024 saman med foreldra sine og 2 søner. Ho fekk raskt sommarjobb på Sentralen der ho treivst veldig godt.  Etter berre 5 månader i Lom snakkar ho veldig bra norsk.

Olena har over 5 års høgskuleutdanning frå Ukraina og har master i systemprogrammering. Ønsket hennar i Noreg er å starta opp eiga bedrift, som ho har erfaring med frå heimlandet.

Linda og Olena skal mellom anna jobbe med Dagsturhytta, tilflyttartreff/ innbyggertreff; afterwork, spelekveldar m.m. Arrangera, gjennomføra og marknadsføra i sosiale medium.

Linda er òg bustadkonsulent, der ho leia den tverrfaglege bustadgruppa i kommunen (kommunale bustader), svarar på nye søknader og følgjer opp leigebuarar ved behov.  I tillegg vil ho hjelpa Åshild med oppgåvene rundt Stillingssleppet. 

 

 

Lom kommune Næring - Klikk for stort bildeLinda Sund og Olena Bulka Olena Bulka

Kontakt

Linda Anette Sund
Vikar bustadkonsulent
Telefon 966 10 135