Bilete av Lomseggen med gamle Loar, Lom stavkyrkje og Kulihaugen i framkant.Gnist er eit innovasjonsprogram for kommunar som vil jobbe på nye måtar med stads- og næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metoder og verkty for å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglegheiter med konkrete løysingar saman med innbyggjarar og næringsliv.
Lom kommune ynskte å utforske nye bustadmodellar for både fastbuande og besøkande, som bidrar til varierte og gode bumiljø.
Det er DOGA (Design og arkitektur Norge) og Nordic Edge som står bak Gnist-programmet, og som har bistått kommunen med å få kobla på design- og arkitekturkompetanse.
Samarbeidspartnarane som vart plukka ut for Lom kommmune, og som nå har landa ein sluttrapport er Haugen/Zohar arkitekter (HZA), Natural State, Birk&Co og Haavind.
Innlandet fylkeskommune har støtta prosjektet med kr. 200 000,- , DOGA har støtta prosjektet med kr. 100 000,-
Resultatet av arbeidet vart ein modell for framtidsretta bustadutvikling i distrikta, les sluttrapport: Attraktive og berekraftige bustadar i Lom
Vart det litt mykje tekst? Da kan du lese ein stuttare presentasjon av rapporten her (PDF, 31 MB)
Det blir jobba med planane for vidareutvikling i 2023.
Du kan lese meir om Gnist-programmet og dei andre prosjekta på DOGA si nettside.