I 2017 var det over 100 ledige stillingar som vart sleppt samtidig, og vi håpar på like mange i år.
Målet med Stilingssleppet er tredelt:
• Synleggjere mangfaldet av stillingar i regionen.
• Bidra til at det regionale næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar, både regionalt og nasjonalt, slik at dei får ein større søkarmengde.
• Tilrettelegge for at par eller familiar som ønsker seg til regionen finn jobb begge to.
Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal vil bruke mykje ressursar på marknadsføring og synlegheit for Stillingssleppet, slik at verksemdene får auka merksemd og fleire søkjarar. Vi oppfordrar alle bedrifter og kommunale verksemder, som har ledige stillingar eller veit at dei snart skal lyse ut stillingar, til å registrere dei på stilling.komtiloss.no. Gjennom sleppet vil verksemdene få auka merksemd, i tillegg til at dei bidrar i eit viktig prosjekt for arbeidslivet og sysselsettinga i regionen.
Regionkontoret overtek stafettpinnen med stillingssleppet frå Vågå kommuneDATO FOR STILLINGSSLEPPET 2018 ER TYSDAG 11. DESEMBER
SISTE FRIST FOR Å REGISTRERE STILLING ER TYSDAG 27. NOVEMBER.
For meir informasjon, sjå komtiloss.no/arbeid, eller kontakt prosjektleiar Ida Amble Ruge, tlf. 48154662 / ida.amble.ruge@regionkontoret.no