Offisiell markering av den nye brannbilen i Lom

Onsdag 15. januar var det offisiell markering av den nye brannbilen i Lom.

I tillegg til mannskap frå Lom og Skjåk brannvesen, var det representantar frå folkevald nemd og Fjellbanken, samt nokre andre inviterte gjestar tilstades ved markeringa. Den nye brannbilen, som har vore i drift som utrykkingsbil ved Lom brannstasjon sidan 18. desember, utgjer ei viktig oppgradering av beredskapen i vår region.

Skjåk kommune

Lom og Skjåk brannvesen har gjort ei betydeleg investering i dette moderne køyretøyet, som er tilpassa lokale behov og utfordringar. Under markeringa vart det halde taler som understreka betydinga av samarbeid og god beredskap for lokalsamfunnet.

Skjåk kommune

Det vart servert kaffi og kake, og stemninga bar preg av stoltheit  og optimisme for framtidas beredskap i Lom og Skjåk. Brannmannskap informerte  om utstyret på bilen, og dei frammøtte fekk tilslutt ein demonstrasjon av skjæresløkkaren.

bilde av brannbil - Klikk for stort bilde Lom og Skjåk brannvesen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her kan du sjå video av den nye brannbilen:

Kontakt

Unni Merete Lund
Branninspektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 959 89 948