Glasopor har etter flaumen lagt seg i eit tjukt lag som dekker eit om lag 60 dekar stort område i Grov. Dei store mengdene gjer det naudsynt å nytte maskinelle metodar for å ta glasoporen opp. Torsdag kl. 12:00 startar ein forsøk med opptak av glasopor med sugebil i området. Arbeidet skjer i regi av prosjektgruppa som er etablert med representantar frå Fylkesmannen og kommunane i Ottadalen, og Glasopor AS. Ein har leigd inn sugebil frå Gudbrandsdal miljø og entreprenør As, og Glasopor AS stiller utstyr og mannskap for å samle opp glasopor i kontainarar og storsekkar for vidaretransport til Skjåk. Om forsøket vert vellukka, tek ein sikte på å fortsette arbeidet med å samle opp glasopor dei næraste dagane, kanskje og i helga. Frost og kulde, vil vere med på avgjere kor lenge ein kan helde på. I alle fall vil ein hauste erfaring for vidare oppsamlingsarbeide som må skje både i Grov og i andre område før vårflaumen neste år.
I periodane med oppsamling av glasopor i Grov, vil området bli skilta og avsperra som anleggsområde. Dette av omsyn til sikkerheit. Ein ber om forståing for dette og dei ulempene det vil ha for bruken av området som turområde. Oppryddingsarbeidet vil ha som mål å bringe natur- og friluftsområdet i Grov attende mest mogeleg slik det var før storflaumen.
Mange friviljuge og grunneigarar har gjort ein stor innsats med å rydde flaumramma areal for plast og anna avfall både i Grov og på andre plassar. Kommunen rettar ein stor takk til alle dei gode hjelparane som bidreg i ryddearbeidet.
PRESSEMELDING FRÅ FYLKESMANNEN:
Ottadalskommunene Skjåk, Lom og Vågå vil sammen med Fylkesmannen forsterke oppryddingsarbeidet etter flommen
Flommen i Skjåk den 14.oktober førte til at store mengder trær, gjenstander og glasopor fra Skjåk-bedriften Glasopor AS havna ut i Ottaelva og videre nedover til Vågåvatnet. I den første fasen mobiliserte IUA i Oppland (interkommunalt utvalg mot akutt forurensning) med lenser og gravemaskiner for å samle opp glasopor i Vågåvatnet og Eidefossen, for å hindre videre spredning nedover Ottaelva.
Fortsatt er store mengder glasopor og søppel igjen i strandsoner, landbruksarealer og naturområder fra Bismo og ned til Vågåvatnet. Det er viktig å rydde opp mest mulig glasopor og søppel før vinteren og neste års vårflom.
Ordførerne i Skjåk, Lom og Vågå kommuner vil nå umiddelbart sammen med Fylkesmannen forsterke det påbegynte ryddearbeidet, og vil vurdere å ta i bruk virkemidler i forurensingsloven for å iverksette nødvendige tiltak. Representanter fra Fylkesmannen og de tre kommunene har allerede etablert en prosjektgruppe for å kartlegge og organisere oppryddingsarbeidet. Fylkesmannen har samtidig løpende kontakt med Miljødirektoratet i saken.
Kontaktpersoner:
FM: Stein Egil Granli