Pleie og omsorg har ledig eit 100% vikariat som sjukepleiar. Er det deg vi ser etter?

Pleie- og omsorgsavdelinga søkjer etter sjukepleiar med arbeidsplass, nå for tida, på Lom Helseheim. Stillinga er eit 100% vikariat, med oppstart etter avtale. Fortløpande søknadsfrist.   

FrysFilm

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Er du offenteleg godkjent sjukepleiar som er trygg i rolla di som sjukepleiar? Da vil vi gjerne høyre frå deg! Pleie- og omsorgsavdelinga har ledig eit 100% vikariat, nå for tida på Lom helseheim. 

Arbeidstid er etter gjeldande turnus med dag/sein, og eventuelt natt, samt arbeid kvar 3. helg. Vi er fleksible med tanke på  ynskje i turnus, og vi har god avtale på høgtidsturnus, jf. eigen avtale.  

Sjukepleiaren vil ha leiar av institusjon som næraste overordna. 

Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere mellom anna:

  • sjukepleiefagleg ansvar for behandling og oppfølging av pasientar og pårørande
  • følgje rutinane i avdelinga og bidra til forbetringsarbeid
  • sikring av god kommunikasjon og samhandling
  • bidra til opplæring og fagleg rettleiing av kollegaer og studentar 

Kvalifikasjonskrav:

  • offentleg godkjend sjukepleiar
  • personar som har interesser for faget
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Fylgjande blir vektlagt:

  • er fagleg dyktig og trygg i rolla
  • har evne til å samarbeide med kollegaer og tverrfagleg team, jobbe sjølvstendig, er strukturert og målretta
  • har gode evner i kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer
  • har vilje og evne til å lære
  • er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • har interesse for fag og fagutvikling
  • er personleg eigna for stillinga

Vi tilbyr:

  • fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • tverrfagleg samarbeid
  • høgt fagleg nivå på tenestene
  • fagmøtetid i turnus
  • dyktige og engasjerte kollegaer
  • moglegheit til å arbeide på ein arbeidsplass i stadig utvikling med fokus på velferdsteknologi 

Vil du vite meir om stillinga?

Ta kontakt med avdelingsleiar Guro Einbu på telefon 40 43 79 41 eller e-post guro.einbu@lom.kommune.no, eller avdelingssjukepleiar Nina Gården på telefon 48 89 64 77 eller e-post nina.garden@lom.kommune.no       

Er det deg vi ser etter? Send inn ein søknad!

Gå til søknadsskjema.

  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Skriftleg søknad til Lom kommune
  • Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
  • Søknadsfrist: fortløpande tilsetting    

Kontakt

Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941
Nina Gården
Sjukepleiar
Mobil 488 96 477