Fyrst av alt: TA MED GUL REFLEKSVEST.
Vi oppmodar alle som vil støtte Lom vgs om å ta på seg ein gul refleksvest, for å vise at vi står saman.
Praktisk info om arrangementet:
Dato: Tysdag 22. oktober
Tidspunkt: Kl. 13 - 16.30.
Oppmøtestad: Foran fylkeshuset på Hamar, Parkgata 64.
Viktig informasjon:
- Dette skal vere ein fredeleg demonstrasjon mot nedlegging av Lom vidaregåande skule, med ungdommen i fokus.
- Ta med varme klær, og gjerne niste. Bruk gul refleksvest for å syne at du støttar opp om Lom vidaregåande skule, og lag gjerne plakatar og liknande.
- Det vil vere fire festivaldoar på staden.
- Askjonsgruppa oppmodar alle til å samkøyre eller ta kollektivt.
- Representantar frå Lom samlar seg fremst foran scena.
Her er det som står på arrangementet (Facebook);
Tysdag 22.oktober reiser vi nedover til Hamar for å arrangere ein fredeleg demonstrasjon mot nedlegginga av Lom vidaregåande skule. Vi har no også invitert med oss Skarnes, Flisa, Sønsterud, Dokka og Utdanningsforbundet Innlandet. Vi slår oss saman for å bli sterkare!
Arrangementet vil skje utanfor fylkeshuset på Hamar, og varar frå klokka 13.00 - 16.30. Dette er dagen for at elevane og ungdommane skal kunne vise si side av saken. Helsesista kjem og for å halde appell. Det gjer også Matoma.
Planen er å benytte blant anna appellar og plakatar for å vise politikarane at det ikke er berre tal, men folk som blir ramma av avgjerslene. Ta med plakatar som viser at vi står sammen for skulen vår ❤️
Nedleggelse av Lom vidaregåande vil ha stor innverknad på skulekvardagen og tilbodet barna våre mottek, lokalsamfunnet, næringslivet og meir. Vi ønskjer å vise at vi er djupt ueinige i forslaget, og håpar at så mange som mogleg ønskjer å delta for å vise ueinigheita.
Oppdateringar om talarar og meir informasjon vil kome.
HUKS PÅ: ALLE SOM ER DER PÅ VEGNE AV LOM VGS HA PÅ DYKK GUL REFLEKSVEST. Dette gjer vi for å symbolisere samhøret vi har og synleggjere deltakarane frå vår side.
Vi understreker at dette er ein fredeleg demonstrasjon der vi vektlegg fredleg framferd, saklege appellar og at vi ikkje utøver personangrep.
Alle som ynskjer å delta er hjerteleg velkomne!
Lenke til Spleisen: https://www.spleis.no/project/389945
Plakat til næringslivet:
Store delar av næringslivet i Ottadalen stengar dørane den 22. oktober for å vise at dei støttar opp om skulen i Lom.
Her finn de ein enkel plakat som kan brukast til å henge på døra, dersom de ynskjer det. (PNG, 4 MB)
Vi vil også oppmode alle om å dele saka i sosiale medier etc.
TAKK for engasjementet frå næringslivet, det betyr mykje!