Pressemelding frå Skjåk og Lom kommunar

Styringsgruppe – arbeid med etablering av privatskule i Lom

Formannskapa i Skjåk og Lom har fatta vedtak om å jobbe for oppretting av ein privat vidaregåande skule. Kommunedirektøren i Skjåk har i samråd med kommunedirektøren i Lom fått i oppdrag å arbeide for etablering av eit privat vidaregåande skuletilbod i Lom og syte for bemanning for arbeidet.

 I den samanheng har kommunedirektørane sett ned ei styringsgruppe som består av:

-          Hanna Flækøy Skjåkødegård (leiar av gruppe)

-          Sondre Morken Bøye

-          Åshild Amundsen

-          Kari Ousten Lyngved

Medlemmane i styringsgruppa deltek i arbeidet som privatpersonar.

Skjåk og Lom kommune støttar arbeidet økonomisk noko som vil kome styringsgruppa tilgode. Vågå kommune er også invitert til å støtte arbeidet. Målet er å fortsatt ha ein vidaregåande skule i Lom i framtida.

 - Utgangspunktet i Lom er heilt unikt, og vi gler oss til å følgje arbeidet til styringsgruppa – her er det formidable moglegheiter når våre tre kommunar går saman, sier Ivar Bø, kommunedirektør i Skjåk.

Styringsgruppa skal sikre retning og framdrift i arbeidet, og vil jobbe tett med ulike fagmiljø som TAFI - Tverrfaglig arbeidsgruppe for framtidsskolen i Innlandet. 

Måndag denne veka hadde styringsgruppa sitt første styringsgruppemøte, og leiar Skjåkødegård fortel:

-  No startar arbeidet for fullt. Vi har pågangsmot og ein voldsom støtte fra heile Norddalen. Vi er optimistiske og realistiske, det er mange brikker som skal på plass og mykje strategisk arbeid som ligg framfor oss. Men, Lom og omegn gir eventyrlige moglegheiter, som vi vil bidra til å realisere. 

I november og desember vil styringsgruppa jobbe med å engasjere ressurspersonar fra Vågå, Lom og Skjåk for å forme framtidas skule i Lom, i samarbeid med aktørar som tek kontakt frå heile landet.

-  Styringsgruppa har dialog med fleire aktørar som ynskjer å strekke seg langt for å sikre eit framtidig vidaregåande skuletilbod i Lom, og som ser potensialet for ei vidare utvikling av skulen vi har i dag. Vi oppfordrar alle til å ta kontakt med Hanna om ein ynskjer å bidra på ein eller annan måte i arbeidet framover, avsluttar Sondre Morken Bøye.

For spørsmål eller henvendelser, kontakt styringsgruppa:

LEIAR:

Hanna Flækøy Skjåkødegård
Telefon: 90929866
E-post: hanna.skjakodegard@uib.no 

Kontakt

Ivar Bø
Kommunedirektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 918 17 696